Banner
Logg inn
Kven er pålogga
Vi har 12 gjestar her no

Volda tennislag

Kjøp/reservering av time

Ledige timar kan reserverast på heimesida av dei som er medlemmer i Volda Tennislag.
Kasserar kan reservere for andre, gjestespelarar som er her på ferie etc.
Reservering kan gjerast for ei veke framover.
Pris pr time for dei som har fast time: kr 25 pr person
Pris pr time for andre: kr 50 pr person

Fakturering av ekstratimar for dei som har fast time skjer etterskotsvis pr halvår saman med den faste timeleiga. Fakturering til medlemmer som ikkje har fast time skjer og etterskotsvis pr halvår.
For andre som ikkje er medlem skal timeleiga og nøkkeldepositum betalast før nøkkel blir utlevert. Depositumet betalast tilbake ved innlevering av nøkkelen som skal skje omgåande etter at timen er ferdig.

Blir nokon teken for bruk av hallen utan å ha reservert time, blir det fakturert ei straffeleige på kr 500.

Styret

Kontaktperson: Helge Haram, tlf 915 69 660

 

NB! Viktig ved reservering!

Skriv inn namna på alle som skal dele på timen i namnefeltet, ikkje i merknadsfeltet! Då er ein sikra at faktureringa blir rett!

 

Ny voldameister

 

Tony Leknes voldameister i tennis 2010

I strålande solskin vart Voldameisterskapen i single tennis arrangert på Haueleite i helga. Ikkje overraskande var det Tony Leknes frå Lofoten, no busett i Volda, som stakk av med sigeren.

I år var det 13 deltakarar med i meisterskapen. Av ymse årsaker, som jobb og barnepass, vart tre av kvartfinalane og ein semifinale spelt på laurdag. Frå kvartfinalane var det Arne Inge Rotevatn, Hallgrim Myklebust, Einar Reite og Tony Leknes som gjekk vidare til semifinalar.
I første semifinalen var Tony Leknes suveren i første sett, der han slo Einar Reite 6-0. I andre sett kom Reite sterkt tilbake, men Leknes drog likevel i land settet, som enda 7-5.
I den andre semifinalen møtte Arne Inge Rotevatn Hallgrim Myklebust. Hallgrim slo i kvartfinalen ut Hans Reite, som var seeda som nr. 2 i turneringa. Første settet i semifinalen tok Myklebust greitt 6-3. I andre sett gjekk Rotevatn opp i leiinga med tre strake game, men Myklebust vann likevel 6-4.
Finalen vart dermed spelt mellom Hallgrim Myklebust og førehandsfavoritt Tony Leknes. Første settet var slett ikkje så kjedeleg som sett-sifra 6-0 skulle tilseie, men det var tydeleg at Leknes var ei klasse over. I andre settet fekk ikkje Leknes styre spelet så mykje som i første, og Myklebust var ei lita stund i leiinga. Leknes sette då inn eit støt, og vann klart 6-3.
Einar Reite vann over Arne Inge Rotevatn i bronsefinalen.

F.v.: Hallgrim Myklebust (2.plass), Tony Leknes (1.plass) og Einar Reite (3.plass).

 

Følsvik og Rotevatn vann VM i tennis

Voldameisterskapen i double vart tradisjonen tru arrangert pÃ¥ utebana pÃ¥ Haualeitet pÃ¥ laurdag. Vêret var flott, men dessverre hadde mange meldt avbod av ulike Ã¥rsaker. Først vart det seeding og trekning. SÃ¥ kom dei innleiande kampane. Til slutt var det finale. Der vann Frode Følsvik og Arne Inge Rotevatn 6-3, 6–2 over Harald Kvangarsnes og Hans Reite. Arne Inge var regjerande meister i double.
Det var mange fine ballvekslingar, og det er moro at det er unge spelarar som no dukkar opp og tek premiar. Det veks og gror i Volda Tennislag. I august planlegg vi singleturnering og dÃ¥ er Kai Are Strande og Tony Leknes favorittar til Ã¥ vinne. Dei to er i ei klasse for seg sjølve, og spelar tennis pÃ¥ eit høgt nivÃ¥. Tennisbana pÃ¥ Haualeite ligg idyllisk til og du kan spele tennis der heile sommaren for ein billeg penge. Berre ta kontakt med formann Egil Reite eller kasserar Helge Haram. Vi har ogsÃ¥ heimeside: voldatennislag.no  

Ref.

 

 Hans Reite (t.v.) og Harald Kvangarsnes (t.h) flankerer vinnarane av Voldameisterskapen i double-tennis, Arne Inge Rotevatn og Frode Følsvik.

 

Nytt lås på utebana

Det er no kome nytt lås på porten på utebana. Dei som har nøkkel til den gamle låsen kan få byte til ny nøkkel mot å levere inn den gamle til Egil Reite, Lægdavegen 35 i Volda eller til Helge Haram, Østiplassen 2 i Ørsta. Ellers er utebana no klargjort for sesongen. Nye medlemar er hjarteleg velkomne. Ta kontakt med Helge Haram, tlf. 915 69 660, eller meld deg inn i klubben her på heimesida vår.

 

Reservasjon av ekstratimar i hallen

FrÃ¥ og med tysdag 6. april startar vi med reservering av ekstratimar pÃ¥ nett. Pass pÃ¥ og noter alle som skal dele pÃ¥ timen i merknadsfeltet, slik at faktureringa blir rett. Det kan gjerne ta litt tid før systemet er skikkeleg innarbeidd hos alle. I denne innkøyringsperioden ber vi om at folk viser fornuft og smidigheit hvis kollisjoner skulle oppstÃ¥. Vi henstiller i slike tilfelle til heller Ã¥ ta ein time i lag med f.eks. dobbel-speling i staden for Ã¥ krangle om kven som har rett pÃ¥ timen. Ring meg eller send meg ein e-post om du har spørsmÃ¥l.

Helge Haram,

tlf 915 69 660

Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 
Spelekompis
Latest Message: 5 months, 3 weeks ago
  • Ingunn Egset : Hei! Nokon som vil spele tennis med meg? Er her heile neste veke
  • Ingunn Egset : Hei! Nokon som vil spele med meg? Er her i helga og heile neste veke
  • Ingunn Egset : Heia, finnes det nokon som vil spele med meg? Eg er fri nÃ¥r som helst ! .+
  • Hallgrim Myk : Husk at turneringa i morgon er pÃ¥ utebana!
  • Hallgrim Myk : Voldatennislag.no/joomla prøv denne lenka for bestilling pÃ¥ utebana
  • Hallgrim Myk : Voldatennislag.no/joomla
  • Hallgrim Myk : Bruk sko som er reine og ikkje set merker i hallen. Ikkje bruk uteballar i hallen.
  • Hallgrim Myk : SjÃ¥ Facebook, volda tennislag, for oppsett VM i tennis 26. Og 27.1
  • Hallgrim Myk : Siste frist for pÃ¥melding vm i tennis er no onsdag 23.1. Turnering starter 26.1. Nb! Avgift er 50 for medlem og 100 for resten.
  • Hallgrim Myk : Vm i tennis blir utsett. Nytt tidspunkt kjem seinare.

Only registered users are allowed to post

Nyhende