Banner
Logg inn
Kven er pålogga
Vi har 14 gjestar her no

Volda tennislag

Game - set - match

gsm-adboard.png

 

Til alle regioner og  tennisklubber tilknyttet NTF

 

Som vi informerte dere om tidligere er papirmagasinet TENNIS nå historie til fordel for en økt websatsing. Det omfatter bl.a. et nytt magasin som vil være raskere oppdatert og komme hyppigere. Dette er i henhold til diskusjoner under budsjettbehandlingen på Tennistinget og styrets vedtak.

 

Nå ber vi dere sende denne informasjonen videre til alle medlemmer som dere har mailadressen til, slik at de blir informert om "GAME-SET-MATCH" og kan abonnere på det. (Abonnement medfører ingen kostnader hverken for dere eller medlemmet) Legg gjerne informasjonen også på klubbens websider.

Vår intensjon er at dette skal være en attraktiv medlemsfordel.

 

Direkte link til siden er: http://www.tennis.no/game-set-match

 

 

Med vennlig hilsen

Norges Tennisforbund

 

 

Kai Are Strande voldameister i tennis 2011

Ikkje uventa gjekk Kai Are Strande til topps i voldameisterskapen for fjerde gong i helga. I finalen slo han Arne Inge Rotevatn 6-3, 6-2. Ein del gode spelarar hadde meldt avbod, men 10 stilte opp i turneringa. Etter seeding og trekning vart det delt opp i to avdelingar der alle spelte mot alle. Sjølv om veret var godt, valde vi å legge kampane inne i hallen. Ein del folk kom for å sjå på og det var god stemning. Veteranen, æresmedlem og tidlegare voldameister Ingve Håskjold var til stades nesten heile laurdagen og kunne glede seg over mykje bra tennis. Det er fleire lovande talent i klubben.
     Arne Inge Rotevatn og Kai Are Strande vann alle sine innleiande kampar. I første semifinale slo Rotevatn Hans Reite 6-3 og i den andre vann Strande 6-0 over Sverre Johnsen. På søndag vann Reite 7-6 over Johnsen i ein spanande bronsefinale. Reite hadde mange "match-ballar", men Johnsen kom tilbake gong på gong. Trass at han snart er pensjonist slo han ut fleire ungdommar, og er ein svært god tennis-spelar. Dei beste fekk premiar og alle diplomar og souvenirar frå US-open. Det var ei velluka turnering og neste år håpar vi på at endå fleire vil melde seg på!

F.v. Sverre Johnsen, Hans Reite, Arne Inge Rotevatn og Kai Are Strande.

 

Gi meir støtte til tennislaget!

Ved å skrive LAG 188 i ein sms til 950 99 900 er du med på å gi kroner i kassa til Volda tennislag. Sparebank1 har 1 million som skal delast ut, og tal på sms-ar vi får avgjer kor mykje vi får!

Sjølv om du har stemt på eit anna lag kan du stemme på oss også, men berre ei stemme pr. lag.

 

Kjøp/reservering av time

Ledige timar kan reserverast på heimesida av dei som er medlemmer i Volda Tennislag.
Kasserar kan reservere for andre, gjestespelarar som er her på ferie etc.
Reservering kan gjerast for ei veke framover.
Pris pr time for dei som har fast time: kr 25 pr person
Pris pr time for andre: kr 50 pr person

Fakturering av ekstratimar for dei som har fast time skjer etterskotsvis pr halvår saman med den faste timeleiga. Fakturering til medlemmer som ikkje har fast time skjer og etterskotsvis pr halvår.
For andre som ikkje er medlem skal timeleiga og nøkkeldepositum betalast før nøkkel blir utlevert. Depositumet betalast tilbake ved innlevering av nøkkelen som skal skje omgåande etter at timen er ferdig.

Blir nokon teken for bruk av hallen utan å ha reservert time, blir det fakturert ei straffeleige på kr 500.

Styret

Kontaktperson: Helge Haram, tlf 915 69 660

 

NB! Viktig ved reservering!

Skriv inn namna på alle som skal dele på timen i namnefeltet, ikkje i merknadsfeltet! Då er ein sikra at faktureringa blir rett!

 

Ny voldameister

 

Tony Leknes voldameister i tennis 2010

I strålande solskin vart Voldameisterskapen i single tennis arrangert på Haueleite i helga. Ikkje overraskande var det Tony Leknes frå Lofoten, no busett i Volda, som stakk av med sigeren.

I år var det 13 deltakarar med i meisterskapen. Av ymse årsaker, som jobb og barnepass, vart tre av kvartfinalane og ein semifinale spelt på laurdag. Frå kvartfinalane var det Arne Inge Rotevatn, Hallgrim Myklebust, Einar Reite og Tony Leknes som gjekk vidare til semifinalar.
I første semifinalen var Tony Leknes suveren i første sett, der han slo Einar Reite 6-0. I andre sett kom Reite sterkt tilbake, men Leknes drog likevel i land settet, som enda 7-5.
I den andre semifinalen møtte Arne Inge Rotevatn Hallgrim Myklebust. Hallgrim slo i kvartfinalen ut Hans Reite, som var seeda som nr. 2 i turneringa. Første settet i semifinalen tok Myklebust greitt 6-3. I andre sett gjekk Rotevatn opp i leiinga med tre strake game, men Myklebust vann likevel 6-4.
Finalen vart dermed spelt mellom Hallgrim Myklebust og førehandsfavoritt Tony Leknes. Første settet var slett ikkje så kjedeleg som sett-sifra 6-0 skulle tilseie, men det var tydeleg at Leknes var ei klasse over. I andre settet fekk ikkje Leknes styre spelet så mykje som i første, og Myklebust var ei lita stund i leiinga. Leknes sette då inn eit støt, og vann klart 6-3.
Einar Reite vann over Arne Inge Rotevatn i bronsefinalen.

F.v.: Hallgrim Myklebust (2.plass), Tony Leknes (1.plass) og Einar Reite (3.plass).

 

Følsvik og Rotevatn vann VM i tennis

Voldameisterskapen i double vart tradisjonen tru arrangert på utebana på Haualeitet på laurdag. Vêret var flott, men dessverre hadde mange meldt avbod av ulike årsaker. Først vart det seeding og trekning. Så kom dei innleiande kampane. Til slutt var det finale. Der vann Frode Følsvik og Arne Inge Rotevatn 6-3, 6–2 over Harald Kvangarsnes og Hans Reite. Arne Inge var regjerande meister i double.
Det var mange fine ballvekslingar, og det er moro at det er unge spelarar som no dukkar opp og tek premiar. Det veks og gror i Volda Tennislag. I august planlegg vi singleturnering og då er Kai Are Strande og Tony Leknes favorittar til å vinne. Dei to er i ei klasse for seg sjølve, og spelar tennis på eit høgt nivå. Tennisbana på Haualeite ligg idyllisk til og du kan spele tennis der heile sommaren for ein billeg penge. Berre ta kontakt med formann Egil Reite eller kasserar Helge Haram. Vi har også heimeside: voldatennislag.no  

Ref.

 

 Hans Reite (t.v.) og Harald Kvangarsnes (t.h) flankerer vinnarane av Voldameisterskapen i double-tennis, Arne Inge Rotevatn og Frode Følsvik.

 

Nytt lås på utebana

Det er no kome nytt lås på porten på utebana. Dei som har nøkkel til den gamle låsen kan få byte til ny nøkkel mot å levere inn den gamle til Egil Reite, Lægdavegen 35 i Volda eller til Helge Haram, Østiplassen 2 i Ørsta. Ellers er utebana no klargjort for sesongen. Nye medlemar er hjarteleg velkomne. Ta kontakt med Helge Haram, tlf. 915 69 660, eller meld deg inn i klubben her på heimesida vår.

 

Reservasjon av ekstratimar i hallen

Frå og med tysdag 6. april startar vi med reservering av ekstratimar på nett. Pass på og noter alle som skal dele på timen i merknadsfeltet, slik at faktureringa blir rett. Det kan gjerne ta litt tid før systemet er skikkeleg innarbeidd hos alle. I denne innkøyringsperioden ber vi om at folk viser fornuft og smidigheit hvis kollisjoner skulle oppstå. Vi henstiller i slike tilfelle til heller å ta ein time i lag med f.eks. dobbel-speling i staden for å krangle om kven som har rett på timen. Ring meg eller send meg ein e-post om du har spørsmål.

Helge Haram,

tlf 915 69 660

Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 
Spelekompis
Latest Message: 4 months, 1 week ago
  • Hallgrim Myk : Utebana er klar. Sjå facebook for meir info. Må ryddast meir. Bana blir bra, men er litt tørr enno.
  • sindre angel : Hei melder meg gjerne som trenings motstander, har spelt greit med tennis i 2 år, ta kontakt på 46924933. kan spille i helgene og etter 6
  • Hallgrim Myk : Det blir Voldameisterskap i tennis i desember. Dette er sjølvsagt for alle uansett nivå. Dato kjem seinare.
  • Odd M Nesse : Hei, alle! Er nytt medlem som sliter med å få til særlig spilletid. Tenkte partnere er skadet/opptatt. Melder meg ledig som vikar/tilleggsmotstand.
  • Helge Haram : Skal du spele på utebana så må du betale baneleige og reservere time her på heimesida. Kontakt Helge Haram, tlf 91569660
  • Hallgrim Myk : Alle som speler på utebana må stelle den. Sjå reglane som står på "klubbhuset"...
  • Hallgrim Myk : Utebana: Ikkje bruk sko som sett merker i grusen. Det blir ujamt! Ikkje bruk sko med grov såle!!!

Only registered users are allowed to post

Nyhende