Banner
Logg inn
Kven er pålogga
Vi har 18 gjestar her no

Volda tennislag

Kai Are Strande voldameister 2016

I romjula vart voldameisterskapen i tennis arrangert i tennishallen i Volda. Nokre melde forfall grunna sjukdom, men det var åtte som stilte opp. Tennismiljøet i Volda er bra, og folk kjem frå heile distriktet for å spele. Difor er det no mest uråd å få fast time om kveldane i hallen. Tennis er ein kjekk sport som passar for folk i alle aldrar. Noreg har ikkje nokon heilt på toppnivå i verda, men Casper Ruud hevdar seg bra, i tillegg til ein junior på kvinnesida. Vi vonar at tennis vil verte endå meir populært her i landet.

Første dag var det innleiande kampar med eitt sett i kvar kamp. Det var to avdelingar og til saman 12 kampar. Fleire av kampane enda 6-0, og det vart klart kven som gikk vidare til semifinalane. Stemninga var god, og ein del folk hadde tatt vegen for å heie på sine favorittar.

Fjorårsvinnaren Einar Reite stilte ikkje opp, og Kai Are Strande frå Ørsta var klar favoritt. I første semifinalen vann han 2-0 over Hallgrim Myklebust frå Volda. I den andre vann Odd Nesse frå Ulsteinvik 2-1 over Kristian Nybakk frå Måløy.  Kristian har lenge budd i London, men bur no i Tjørvåg. I bronsefinalen vann Hallgim 2-1 over Kristian. Det var jamne og gode kampar med mykje god tennis. I finalen vann Kai Are 6-0, 6-1 over Odd. Han vart voldameister for sjuande gong og er ganske suveren. Kai Are kunne nok nådd langt også på landsbasis! Han er eit multitalent i sport. Det var også imponerande av Odd å nå finalen då han har vore mykje plaga av sjukdom.

Vi vonar at fleire unge vil begynne å spele tennis og slå ut oss eldre. Velkomen til Volda tennislag og godt nytt år!

ref.

 

Frå venstre: Hallgrim Myklebust, Kai Are Strande, Odd Nesse og Kristian Nybakk

 

SENTRALT ELEKTRONISK MEDLEMSREGISTER

Før nyttår må vi få registrert alle medlemmer i Volda Tennislag i det sentrale elektroniske medlemsregisteret.

Difor må alle medlemmer i Volda Tennislag opprette profil i minidrett.no. Dei som har profil frå før treng ikkje opprette ny.

Gå deretter inn på Medlemskap, søk opp Volda Tennislag og send søknad om medlemskap.

Søknaden blir så behandla av Helge Haram eller Oddbjørn Nes (medlemsansvarlege i Volda Tennislag) og det vil kome ei stadfesting på medlemsskapet pr. e-post.

Dei som har familiemedlemskap må registrere dei andre familiemedlemmene på sin profil på Legg til familie.

Ved problem med dette, kontakt support-telefon 03615, Helge Haram (915 69 660) eller Oddbjørn Nes (905 65 950)

 

Einar Reite voldameister 2015

19. - 20. desember vart voldameisterskapen i tennis arrangert i tennishallen i Volda. Interessa for tennis har teke seg opp, og det er stort sett fullt med faste timar i hallen om kveldane. Ein kan spele tennis for ein rimeleg penge her på landsbygda.
Dei siste åra har Kai Are Strande frå Ørsta vore den dominerande spelaren. Han har vorte voldameister heile seks gonger. Vi var spente på korleis det ville gå i år. Spelarane vart delt i to grupper for dei innleiande kampane. Veteranen Hans Reite heldt på å gå vidare, men etter å ha leia 5-0 vart det kollaps, og han tapte på tiebreak mot Odd Nesse frå Ulsteinvik. Nesse har tidlegare spela divisjonstennis i Bergen og har flott teknikk.
I første semifinale vann Einar Reite 6-2, 6-3 over Hallgrim Myklebust. I den andre vann Kai Are Strande 6-1,6-1 over Odd Nesse. I bronsefinala vann Hallgrim 6-2,6-2 over Odd. No var alle spente på finala. Ein del familie og vennar av spelarane var til stades. Det vart spanande, men til slutt vann Einar 6-4, 7-6 ( 9-7) over Kai Are. Einar vart voldameister for tredje gong. Tennistrona var tilbake i Volda! Det er framleis prestisje og konkurranse mellom desse to bygdene.
Hallgrim Myklebust uttalte etter kampen at dette var den beste finalen han hadde sett i Volda. Også Odd Nesse var imponert. Det var tennis på høgt nivå med fart og stor presisjon. Tennis er ein artig, men svært krevjande idrett. Så blir spørsmålet til neste år: Vil Ørsta kjempe seg tilbake eller skal voldameisteren vere frå Volda?
ref.

 


 

Reservasjon av time

For å reservere timar må ein logge på med namn og passord, og ein må vere medlem i Volda Tennislag. For å verte medlem eller for prøvetime: Kontakt Helge Haram, tlf. 915 69 660, eller e-post Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa .

 

Ranking

Dei fire første plassane på rankinglista er no justert etter resultata i siste turneringa. Lista ligg i hovudmenyen. Resultat kan sendast til Helge eller Amund.

 

Voldameisterskapen 2014

Kai Are Strande frå Ørsta vart voldameister i tennis for sjuande gong! Han er i ei klasse for seg sjølv og fleire meiner at han kunna hevda seg godt på landsplan. Kampane vart haldne i den fine tennishallen på Bratteberg i Volda. Det var fleire jamne kampar og stemninga var på topp! Mellom anna så kom tennisveteranen Ivar Olaisen og kommenterte kampane. Han var med og spelte på utebana for over femti år sidan. På den tida var tennisen ein stor idrett, og det var fleie divisjonar. Volda spelte mot mellom andre Ålesund og Molde. Ingve Håskjold og Trond Klepp var også gode spelarar som nådde langt. No er det om lag femti som spelar fast i tennishallen, men der er plass for fleire. Vi treng unge talent som kan slå Strande! Etter innleiande kampar slo Hans Reite Bjørnar Ingebrigtsen i bronsefinalen. I final vann Kai Are 6-3, 6-2 over Hallgrim Myklebust. Kampen vippa ei stund, men Strande trekte det lengste strået. Dette vart ein repetisjon av fjorårets finale. H.R.
 

Deltakarane, bak f.v. Egil Reite, Hans Reite, Tore Bjørnstad og Jørn Festøy. Framme f.v. Bjørnar Ingebrigtsen, Kai Are Strande og Hallgrim Myklebust.

 

Kai Are Strande voldameister 2013

Søndag vart Voldameisterskapen i tennis arrangert. Kai Are Strande frå Ørsta vart voldameister for sjette gong. Han slo Hallgrim Myklebust 6-3, 6-1 i finalen. Det var seks spelarar som stilte denne gongen. Dei vart delte opp i to grupper etter seedig og loddtrekning. Det var fleire jamne kampar, og dei som gjekk vidare til semifinalane var forutan Hallgrim og Kai Are, Bjørnar Ingebrigtsen og Michael Wilhelmsen. I føste semifinale vann Hallgrim 6-1,6-3 over Bjørnar, og Kai Are 6-1, 6-3 over Michael. Bjørnar vart skada og Michael fekk dermed walkover i bronsefinalen. 
Det var ei kjekk turnering og ein del folk kom innom for å sjå på. 

Dei som deltok, bak f.v. Bjørnar Ingebrigtsen, Hans Reite og Michael Wilhelmsen. Framme f.v. Kai Are Strande, Hallgrim Myklebust og Kristian Kolnes. 

 

Kai Are Strande voldameister 2012

Ikkje uventa vann Kai Are Strande frå Ørsta voldameisterskapen i tennis som vart avvikla laurdag 8. september i tennishallen. Han har no vunne fleire år på rad, men fekk ein del motstand av Einar Reite i finalen.
Etter dei innleiande kampane vann Strande 6-1,6-0 over Hans Reite i den første semifinalen. I den andre vann Einar Reite 6-3, 6-1 over Hallgrim Myklebust. I bronsefinalen vann Hallgrim 6-1 over Hans. I finalen vann Kai Are 6-2 over Einar i første sett, men Einar kom sterkt tilbake og leia 3-1 i det andre. Kampen stod og vippa og det var lange og flotte ballvekslingar. Til slutt vann Kai Are 6-3 og sikra seg tittelen. Ein del var innom og såg på kampane, men ein skulle ynskje at endå fleire ville delta og sjå på. Til stades var mellom andre superveteranane Ingve Håskjold og Ivar Olaisen. H.R. 

 

F.v. Einar Reite, Kai Are Strande og Hallgrim Myklebust. 

 

Leknes og Krøvel voldameistrar i double

Laurdag vart doublemeisterskapen i tennis arrangert på utebana på Haueleite. Bana vart bygd i 1936 og ligge flott til like innafor museet.

Vêret var heilt på topp, og det vart ei fin turnering sjølv om det var få deltakarar. Etter trekking av lag starta vi opp, og etter innleiande kampar vann Amund Bergmann og Louis Aquilar 6-3,6-4 over Ole Innselset og Hans Reite i semifinalen.

I finalane var det svært jamt. Amund og Louis vann første sett 6–4 over Tony Leknes og Sivert Krøvel, og hadde to matchballar i andre sett. Likevel kom Tony og Sivert sterkt tilbake og vann dei siste setta 7-6, 6–3. Då hadde vi halde på med turneringa i om lag seks timar.
Tony flyttar no frå Volda, og vi vil sakne han i tennismiljøet. Vi vonar at fleire vil starte og spele tennis. 
Etter ferien skal single-meisterskapen arrangerast. Favoritt er Kai Are Strande, men unge talent er i ferd med å vekse fram.

H.R.

Sivert Krøvel og Tony Leknes.

Louis, Amund, Ole, Sivert, Tony og Hans.

 

Utebana, reservering timar

Ved spel på utebana, skal alle reservere timar her på heimesida under punktet Reservasjon utebane.

Ynskjer du å spele på utebana, kontakt Helge Haram på telefon 915 69 660, eller e-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa .

 

 

 
Spelekompis
Latest Message: 2 months, 1 week ago
  • Hallgrim Myk : Utebana er klar. Sjå facebook for meir info. Må ryddast meir. Bana blir bra, men er litt tørr enno.
  • sindre angel : Hei melder meg gjerne som trenings motstander, har spelt greit med tennis i 2 år, ta kontakt på 46924933. kan spille i helgene og etter 6
  • Hallgrim Myk : Det blir Voldameisterskap i tennis i desember. Dette er sjølvsagt for alle uansett nivå. Dato kjem seinare.
  • Odd M Nesse : Hei, alle! Er nytt medlem som sliter med å få til særlig spilletid. Tenkte partnere er skadet/opptatt. Melder meg ledig som vikar/tilleggsmotstand.
  • Helge Haram : Skal du spele på utebana så må du betale baneleige og reservere time her på heimesida. Kontakt Helge Haram, tlf 91569660
  • Hallgrim Myk : Alle som speler på utebana må stelle den. Sjå reglane som står på "klubbhuset"...
  • Hallgrim Myk : Utebana: Ikkje bruk sko som sett merker i grusen. Det blir ujamt! Ikkje bruk sko med grov såle!!!

Only registered users are allowed to post

Nyhende