Banner
Logg inn
Kven er pålogga
Vi har 22 gjestar her no

Volda tennislag

Reservasjon av time

For å reservere timar må ein logge på med namn og passord, og ein må vere medlem i Volda Tennislag. For å verte medlem eller for prøvetime: Kontakt Helge Haram, tlf. 915 69 660, eller e-post Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa .

 

Ranking

Dei fire første plassane på rankinglista er no justert etter resultata i siste turneringa. Lista ligg i hovudmenyen. Resultat kan sendast til Helge eller Amund.

 

Voldameisterskapen 2014

Kai Are Strande frå Ørsta vart voldameister i tennis for sjuande gong! Han er i ei klasse for seg sjølv og fleire meiner at han kunna hevda seg godt på landsplan. Kampane vart haldne i den fine tennishallen på Bratteberg i Volda. Det var fleire jamne kampar og stemninga var på topp! Mellom anna så kom tennisveteranen Ivar Olaisen og kommenterte kampane. Han var med og spelte på utebana for over femti år sidan. På den tida var tennisen ein stor idrett, og det var fleie divisjonar. Volda spelte mot mellom andre Ålesund og Molde. Ingve Håskjold og Trond Klepp var også gode spelarar som nådde langt. No er det om lag femti som spelar fast i tennishallen, men der er plass for fleire. Vi treng unge talent som kan slå Strande! Etter innleiande kampar slo Hans Reite Bjørnar Ingebrigtsen i bronsefinalen. I final vann Kai Are 6-3, 6-2 over Hallgrim Myklebust. Kampen vippa ei stund, men Strande trekte det lengste strået. Dette vart ein repetisjon av fjorårets finale. H.R.
 

Deltakarane, bak f.v. Egil Reite, Hans Reite, Tore Bjørnstad og Jørn Festøy. Framme f.v. Bjørnar Ingebrigtsen, Kai Are Strande og Hallgrim Myklebust.

 

Kai Are Strande voldameister 2013

Søndag vart Voldameisterskapen i tennis arrangert. Kai Are Strande frÃ¥ Ørsta vart voldameister for sjette gong. Han slo Hallgrim Myklebust 6-3, 6-1 i finalen. Det var seks spelarar som stilte denne gongen. Dei vart delte opp i to grupper etter seedig og loddtrekning. Det var fleire jamne kampar, og dei som gjekk vidare til semifinalane var forutan Hallgrim og Kai Are, Bjørnar Ingebrigtsen og Michael Wilhelmsen. I føste semifinale vann Hallgrim 6-1,6-3 over Bjørnar, og Kai Are 6-1, 6-3 over Michael. Bjørnar vart skada og Michael fekk dermed walkover i bronsefinalen. 
Det var ei kjekk turnering og ein del folk kom innom for Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥. 

Dei som deltok, bak f.v. Bjørnar Ingebrigtsen, Hans Reite og Michael Wilhelmsen. Framme f.v. Kai Are Strande, Hallgrim Myklebust og Kristian Kolnes. 

 

Kai Are Strande voldameister 2012

Ikkje uventa vann Kai Are Strande frå Ørsta voldameisterskapen i tennis som vart avvikla laurdag 8. september i tennishallen. Han har no vunne fleire år på rad, men fekk ein del motstand av Einar Reite i finalen.
Etter dei innleiande kampane vann Strande 6-1,6-0 over Hans Reite i den første semifinalen. I den andre vann Einar Reite 6-3, 6-1 over Hallgrim Myklebust. I bronsefinalen vann Hallgrim 6-1 over Hans. I finalen vann Kai Are 6-2 over Einar i første sett, men Einar kom sterkt tilbake og leia 3-1 i det andre. Kampen stod og vippa og det var lange og flotte ballvekslingar. Til slutt vann Kai Are 6-3 og sikra seg tittelen. Ein del var innom og sÃ¥g pÃ¥ kampane, men ein skulle ynskje at endÃ¥ fleire ville delta og sjÃ¥ pÃ¥. Til stades var mellom andre superveteranane Ingve HÃ¥skjold og Ivar Olaisen. H.R. 

 

F.v. Einar Reite, Kai Are Strande og Hallgrim Myklebust. 

 

Leknes og Krøvel voldameistrar i double

Laurdag vart doublemeisterskapen i tennis arrangert på utebana på Haueleite. Bana vart bygd i 1936 og ligge flott til like innafor museet.

Vêret var heilt på topp, og det vart ei fin turnering sjølv om det var få deltakarar. Etter trekking av lag starta vi opp, og etter innleiande kampar vann Amund Bergmann og Louis Aquilar 6-3,6-4 over Ole Innselset og Hans Reite i semifinalen.

I finalane var det svært jamt. Amund og Louis vann første sett 6–4 over Tony Leknes og Sivert Krøvel, og hadde to matchballar i andre sett. Likevel kom Tony og Sivert sterkt tilbake og vann dei siste setta 7-6, 6–3. DÃ¥ hadde vi halde pÃ¥ med turneringa i om lag seks timar.
Tony flyttar no frÃ¥ Volda, og vi vil sakne han i tennismiljøet. Vi vonar at fleire vil starte og spele tennis. 
Etter ferien skal single-meisterskapen arrangerast. Favoritt er Kai Are Strande, men unge talent er i ferd med å vekse fram.

H.R.

Sivert Krøvel og Tony Leknes.

Louis, Amund, Ole, Sivert, Tony og Hans.

 

Utebana, reservering timar

Ved spel på utebana, skal alle reservere timar her på heimesida under punktet Reservasjon utebane.

Ynskjer du å spele på utebana, kontakt Helge Haram på telefon 915 69 660, eller e-post: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa .

 

 

 

Game - set - match

gsm-adboard.png

 

Til alle regioner og  tennisklubber tilknyttet NTF

 

Som vi informerte dere om tidligere er papirmagasinet TENNIS nå historie til fordel for en økt websatsing. Det omfatter bl.a. et nytt magasin som vil være raskere oppdatert og komme hyppigere. Dette er i henhold til diskusjoner under budsjettbehandlingen på Tennistinget og styrets vedtak.

 

Nå ber vi dere sende denne informasjonen videre til alle medlemmer som dere har mailadressen til, slik at de blir informert om "GAME-SET-MATCH" og kan abonnere på det. (Abonnement medfører ingen kostnader hverken for dere eller medlemmet) Legg gjerne informasjonen også på klubbens websider.

Vår intensjon er at dette skal være en attraktiv medlemsfordel.

 

Direkte link til siden er: http://www.tennis.no/game-set-match

 

 

Med vennlig hilsen

Norges Tennisforbund

 

 

Kai Are Strande voldameister i tennis 2011

Ikkje uventa gjekk Kai Are Strande til topps i voldameisterskapen for fjerde gong i helga. I finalen slo han Arne Inge Rotevatn 6-3, 6-2. Ein del gode spelarar hadde meldt avbod, men 10 stilte opp i turneringa. Etter seeding og trekning vart det delt opp i to avdelingar der alle spelte mot alle. Sjølv om veret var godt, valde vi å legge kampane inne i hallen. Ein del folk kom for å sjå på og det var god stemning. Veteranen, æresmedlem og tidlegare voldameister Ingve Håskjold var til stades nesten heile laurdagen og kunne glede seg over mykje bra tennis. Det er fleire lovande talent i klubben.
     Arne Inge Rotevatn og Kai Are Strande vann alle sine innleiande kampar. I første semifinale slo Rotevatn Hans Reite 6-3 og i den andre vann Strande 6-0 over Sverre Johnsen. På søndag vann Reite 7-6 over Johnsen i ein spanande bronsefinale. Reite hadde mange "match-ballar", men Johnsen kom tilbake gong på gong. Trass at han snart er pensjonist slo han ut fleire ungdommar, og er ein svært god tennis-spelar. Dei beste fekk premiar og alle diplomar og souvenirar frå US-open. Det var ei velluka turnering og neste år håpar vi på at endå fleire vil melde seg på!

F.v. Sverre Johnsen, Hans Reite, Arne Inge Rotevatn og Kai Are Strande.

 

Gi meir støtte til tennislaget!

Ved Ã¥ skrive LAG 188 i ein sms til 950 99 900 er du med pÃ¥ Ã¥ gi kroner i kassa til Volda tennislag. Sparebank1 har 1 million som skal delast ut, og tal pÃ¥ sms-ar vi fÃ¥r avgjer kor mykje vi fÃ¥r!

Sjølv om du har stemt på eit anna lag kan du stemme på oss også, men berre ei stemme pr. lag.

 
Spelekompis
Latest Message: 5 months, 2 weeks ago
  • Ingunn Egset : Hei! Nokon som vil spele tennis med meg? Er her heile neste veke
  • Ingunn Egset : Hei! Nokon som vil spele med meg? Er her i helga og heile neste veke
  • Ingunn Egset : Heia, finnes det nokon som vil spele med meg? Eg er fri nÃ¥r som helst ! .+
  • Hallgrim Myk : Husk at turneringa i morgon er pÃ¥ utebana!
  • Hallgrim Myk : Voldatennislag.no/joomla prøv denne lenka for bestilling pÃ¥ utebana
  • Hallgrim Myk : Voldatennislag.no/joomla
  • Hallgrim Myk : Bruk sko som er reine og ikkje set merker i hallen. Ikkje bruk uteballar i hallen.
  • Hallgrim Myk : SjÃ¥ Facebook, volda tennislag, for oppsett VM i tennis 26. Og 27.1
  • Hallgrim Myk : Siste frist for pÃ¥melding vm i tennis er no onsdag 23.1. Turnering starter 26.1. Nb! Avgift er 50 for medlem og 100 for resten.
  • Hallgrim Myk : Vm i tennis blir utsett. Nytt tidspunkt kjem seinare.

Only registered users are allowed to post

Nyhende