Banner
Logg inn
Kven er pålogga
Vi har 17 gjestar her no

Volda tennislag

Sakliste Årsmøte 2023

Det har ikkje kome inn nokon saker som må behandlast av årsmøtet.
Det er derimot kome nye krav ifbm. lova til Volda tennislag og det er difor lagt til ei vedtaksak om ny lov for Volda Tennislag ifbm. oppdatering av lovnorm frå NIF fom. 01.01.2024.
Framlegg til ny lov finn dykk her:
Fint om ein kan sjå gjennom denne til årsmøtet. Lova skal kun vere endra i tråd med endringane i den nye lovnorma som dykk finn her:

Oppdatert sakliste:


Håper å sjå mange av dykk neste veke!
 

Årsmøte 2024

 

Innkalling til Årsmøte 2024

Tidspunkt: onsdag 17.04.24 kl.20:30

Lokasjon: Volda Turisthotell

Det blir servert pizza og drikke til deltakarane.

Sakliste:

1. Godkjenne dei som har stemmerett.

2. Godkjenne innkallinga og saklista.

3. Val av møteleiar, skrivar og to medlemar til å sign. protokollen.

4. Handsame årsmeldinga for 2023

5. Handsame rekneskapen for 2023

6. Handsame innkomne forslag/ saker.

7. Fastsette medlemskontingent og treningsleige for 2025.

8. Vedta budsjettet for 2024.

9. Godkjenne kontrollkomiteens rapport.

10. Val av nytt styre. (leiar, nestleiar og kasserer oppe til val)

Forslag på saker til årsmøte må sendast styret på sms eller på e-post.

Frist: 10.04.24. til mobilnr: 47012458 eller Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Volda Tennislag

Vebjørn Krumsvik Skeide (leiar.)

 

 

Årsmøte 2023

Minner om årsmøte førstkomande fredag 24.03 kl 20.

Møtet vil bli avholdt på Volda Turisthotell og det vil bli servert pizza til deltakarane.

Sakliste:

1. Godkjenne dei som har stemmerett.

2. Godkjenne innkallinga og saklista.

3. Val av møteleiar, skrivar og to medlemmar til å sign. protokollen.

4. Handsame årsmeldinga for 2022

5. Handsame rekneskapet for 2022

6. Handsame innkomne forslag/ saker.

7. Fastsette medlemskontingent for 2024.

8. Vedta budsjettet for 2023.

9. Val av nytt styre. (leiar, kasserer, og eit styremedlem/skrivar oppe til

val)

 

Volda Tennislag

Ole Nilsen (leiar.)

 

Utsatt årsmøte

Årsmøtet idag fredag 4. mars er utsatt til tysdag 15.mars kl 20:00 grunna fleire av styrets medlemmer har vorte sjuke.

Håpar å sjå deg på Volda Turisthotell 15 mars.

 

Mvh styret

 

Nytt bookingsystem

Hei alle saman!
Volda Tennislag har jobba med å få på plass nytt bookingsystem ei lang periode. Dette er no straks klart for bruk.
Dykk vil ila. mandag 28.02 motta ein mail med meir informasjon og ei personleg lenke for å opprette ein brukar i det nye systemet.
FOM 01.03.2022 skal all booking gå via det nye systemet. Det vil bli gjort endringar i prisane på strøtimar fom 01.03.2022.
Leverandøren tilbyr booking via app og nettside.
Det nye systemet gjer det også lettare å frigjere både faste timar og strøtimar.
· Dersom ein frigjer faste timar vil ein få eit «klipp» som kan nyttast på strøtimar (kan ikkje nyttast i «prime time», sjå under)
· Strøtimar som blir frigjort tidlegare enn 24 timar før timen refunderast 100%, skjer det seinare får ein tilbake 80%. Det vil alltid blir fakturert eit servicegebyr på 12,5 kr på strøtimar, sjølv når den blir avbooka
· Timepris 150 kr/300 kr (medlem/ikkje medlem) etter kl 1200
· Timepris 100 kr/200 kr (medlem/ikkje medlem) før kl 1200
«PRIME TIME» er definert som mellom kl 17-22 på vekedagar, 12-18 laurdagar og 12-20 søndagar.
FOM. 2. halvår vil det også bli gjort endringar på dei faste timane:
· Prisar for faste timar vil bli endra (auka)
· Endra når det er mulig å ha faste timar
Slik det ser ut no vil det ikkje bli mogleg å ha faste timar i «Prime Time». Alternativt må ein vurdere om prisen på faste timar i «Prime Time» skal vere vesentleg høgare enn ellers.
Målet er at alle timar som er booka/faste skal bli nytta maksimalt. Det er difor SVÆRT viktig at alle frigjer timar dei ikkje har tenkt å nytte. Desse kan som sagt nyttast til andre timar ila. Veka.
Vi vil føle oss litt fram mtp prisar og oppsett i 2022, så det er sannsynleg med endringar ila året. Meld frå om det er noko som ikkje fungerer som det skal.
Kom gjerne med tilbakemeldingar på oppsettet og hugs årsmøte for Volda Tennislag førstkommende fredag 04.03 på Volda Turisthotell.
Vel møtt!
PÃ¥ vegne av styret,
Vebjørn Krumsvik Skeide
 

Opning av grusbana!

Melder om at grusbana pÃ¥ Haualeite no er open for spel. Gjer dykk kjend med stell og vedlikehald av bane før de brukar bana. Oppslag heng pÃ¥ inngangsdøra. Booking gjerast i menyen til venstre. 

Mvh utebaneteamet. 

 

Innkalling til Årsmøte

Innkalling til Årsmøte.

Tidspunkt: fredag 04.06.21 kl.19:00

Lokasjon: Volda Turisthotell

NB: lokasjon kan bli endra på kort varsel. Ny info kjem i så fall via nettsida og facebook.

Det blir enkel koronavennleg servering om forholda tillet det etter årsmøtet til dei frammøtte.

 

Alle som skal møte må melde frå til underteikna på mail grunna koronahensyn.

Sakliste:

  1. Godkjenne dei som har stemmerett.
  2. Godkjenne innkallinga og saklista.
  3. Val av møteleiar, skrivar og to medlemar til å sign. protokollen.
  4. Handsame årsmeldinga for 2020
  5. Handsame rekneskapet for 2020
  6. Handsame innkomne forslag/ saker.
  7. Fastsette medlemskontingent og treningsleige for 2021/2022.
  8. Vedta budsjettet for 2021.
  9. Val av nytt styre. (leiar, nestleiar og eit styremedlem oppe til val)

 

Forslag på saker til årsmøte må sendast styret på sms eller på e-post seinast  01.06.21. til mobilnr. 47012458 eller Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

 

 

 

Volda Tennislag

Vebjørn Krumsvik Skeide (leiar.)

 

Nye retningslinjer vedr Covid-19!

 

 

Regionsmeisterskap for veteranar!

https://norsktennis.no/flere-lagkamper-pa-trappene/


Gje Ole Wirum ein lyd pÃ¥ 41255325 om du ynskjer Ã¥ delta eller Ã¥ fÃ¥ meir info om arrangementet!  

 

Reglar grusbana!

REGLAR FOR BRUK AV GRUSBANA!

Regel 1:

Den gylne regel at ein ALDRI skal spele når dekket er så mjukt at tennisskoa setter spor eller hakk. Det vert då gravd djupe hol, grusen flyttast og bana vert ujamn over tid. Du skal ikkje kunne presse fingeren ned i øvste laget av dekket som på bileta under. Då er bana for våt!

Løysing: Vent til bana er tørr nok!

Et bilde som inneholder person, holder, hånd, liten  Automatisk generert beskrivelse

Et bilde som inneholder person, holder, hånd, mann  Automatisk generert beskrivelse

Et bilde som inneholder hest, holder, ball, brun  Automatisk generert beskrivelse

Regel 2:

Grusbana skal heller ikkje spelast på dersom du har feil sko!

Den eineste rette skotype er tennissko!

Alle andre sko forbudt å bruke! Andre sko enn tennissko er enten for mjuke, fordelar ikkje kroppstrykket godt nok og har lettare for å rive opp grusen, samt linjene.

Løysing: Kjøp tennissko som er påbudt. Dei har hard, flat såle som fordeler trykket jevnt. Skoene gjer deg også ei mykje betre speloppleving, samt å beskytte deg mot skadar som til dømes overtråkk. Det finst eit lite sortiment av lånesko i utstyrsskuret. Dersom du finn ein størrelse som passar, så bruk desse til du får kjøpt deg eigne tennissko.

Et bilde som inneholder gress, sitter, oransje, bag  Automatisk generert beskrivelse

Regel 3:

Bana skal ikkje spelast på dersom den er for tørr!

Grusbaner treng vatn for å halde på grusen. Bana får då ei djup og metta raud farge, som er «rett» farge for ei grusbane. Er bana for tørr vil grusstøv virvle opp mens du spelar, grusen vil få ein lys og grålig raudfarge og dette gjer at grusen blås vekk og fordelast ujamnt på bana.

Løysing: Vatne heile grusdekket med vatnslangen. Spesielt viktig er det å vatne i området 2 meter foran grunnlinja og 3 meter bak grunnlinja, fordi det er her me beveger oss mest. Les meir opp vatning av bana under «Vedlikehald av bana» på innsida av døra!

Vedlikehald av bana!

Kosting:

Spelarar som er ferdige med å spele skal koste bana og reingjere linjene. Linjene kostast etter at bana er kosta. Kost også utanfor strekane på bana. Du finn to kostar på bana, samt to linjekostar. Dei siste 5 minuttane av speletida skal nyttast til å klargjere bana for dei neste spelarane. Start kostinga langs nettet, følg yttersida ned, og jobb i store firkanta sirklar inn mot midten, og avslutt ut over sidelinja. På den måten vert grusen distribuert tilbake på bana.

Et bilde som inneholder teppe, bord  Automatisk generert beskrivelse

Vatning:

Ein MÅ vatne bana før og etter spel dersom den er tørr. På varme dagar kan det vere naudsynt å vatne oftare. Tørre baner vert slitt svært raskt. Ta gjerne ein pause og vatn bana dersom det er veldig varmt og tørt. Det er også tryggare og betre å spele på ei fuktig grusbane.

Vatnslangen ligg på bana, men ein lyt setje på vatnet gjennom å vri på ei kran som er lokalisert rett bak bana, ved Volda Bygdetun.

Vatning skjer ved at slangetuten haldast litt skrått oppover, og førast sakte fram og tilbake. Juster dysa ved behov. Ein må ikkje rette tuten ned mot bana, då dette vil lage hol i dekket! Anbefalt vatningstid er 2 minuttar. Om det byrjar å danne seg dammar har bana fått nok vatn. Veit du at du er den siste som spelar for kvelden, så utfører ein sluttvatning. Dette gjer bana heilt vatntrekt, så her brukar ein litt meir vatn enn ved normal vatning.

Anna informasjon:

Om det førekjem groper mens ein spelar, må dei dekkast over med grus og pakkast godt, slik at speleflata igjen vert jamn og hard. Bruk gjerne ei skrape eller ei skyfle for å få bana heilt bein, og vatne gjerne over der du har brukt skrapa/skyfla. Dersom det er eit stort område, eller om grusen ikkje vil sette seg, anbefalast det å bruke valsa for å pakke grusen godt på plass. Husk her å bruke litt vatn på det aktuelle «sårområdet»

Det forventast elles at alle ryddar fint etter seg, og kastar alt av søppel i søppelbøtta ved inngangen. Av hensyn til naboar, og oppmoding til alminneleg folkeskikk vil det ikkje verte tolerert høglytt banning, kasting av racketer og anna ufin oppførsel.

 
Spelekompis
Latest Message: 5 months, 2 weeks ago
  • Ingunn Egset : Hei! Nokon som vil spele tennis med meg? Er her heile neste veke
  • Ingunn Egset : Hei! Nokon som vil spele med meg? Er her i helga og heile neste veke
  • Ingunn Egset : Heia, finnes det nokon som vil spele med meg? Eg er fri nÃ¥r som helst ! .+
  • Hallgrim Myk : Husk at turneringa i morgon er pÃ¥ utebana!
  • Hallgrim Myk : Voldatennislag.no/joomla prøv denne lenka for bestilling pÃ¥ utebana
  • Hallgrim Myk : Voldatennislag.no/joomla
  • Hallgrim Myk : Bruk sko som er reine og ikkje set merker i hallen. Ikkje bruk uteballar i hallen.
  • Hallgrim Myk : SjÃ¥ Facebook, volda tennislag, for oppsett VM i tennis 26. Og 27.1
  • Hallgrim Myk : Siste frist for pÃ¥melding vm i tennis er no onsdag 23.1. Turnering starter 26.1. Nb! Avgift er 50 for medlem og 100 for resten.
  • Hallgrim Myk : Vm i tennis blir utsett. Nytt tidspunkt kjem seinare.

Only registered users are allowed to post

Nyhende