Koronavettreglar
Koronavettreglar ved bruk av grusbana til
Volda Tennislag
1. Kun friske personar kan spele på grusbana på Haualeite. Dei som har forkjølelsessymptomer, symptomer på korona eller har karantene skal ikkje spele. Er du i samme husstand med nokon som har karantene eller som er sjuke skal du heller ikke spele.
2. Hender skal vaskast heime både før og etter økta. Antibacflaska på bana skal brukast til handvask både før, under og etter spel. Bruk svetteband om du har, for at hender i minst mogleg grad skal berøre andletet.
3. Det må alltid vere minimum 2 meter mellom kvar spelar, med unntak for personar i samme husstand.
4. Sidan ballen kan vere ei smittekjelde, skal ikke den andres spelar sine ballar berørast med handa. Det skal derfor ikkje servast med andres/felles ball. Ein annans ball takast opp ved bruk av racket/fot, og settast i gong utan berøring av hand, med unntak for personar i samme husstand. Spelarar kan ha med kvar sitt ballsett/ballrøyr som merkast med bokstavar, alternativt at spelarane har to forskjellege typar ballmerke.
5. Det er ikkje tillete å berøre nett, stolpar, benkar, stolar, eller anna utstyr/inventar.
6. I.h.t nye retningslinjer kan no 5 personar spele saman, dermed er doublespel tillete.
7. Når du kostar bana etter spel, bruk eingongshanskane som ligg på bana.
Takk for at du respekterar smittevernsreglane!