Voldameisterskapet innandørs i tennis 2020
Helga 15-16 februar vart det avhalde Voldameisterskap i tennis innandørs i hallen på Bratteberg. Denne gong måtte diverre balltalentet og mangeårig meister Kai Are Strande melde forfall grunna sjukdom. Dette gav dei andre Voldaspelarane blod på tann, og mange låg i hardtrening og køyrde opp i mot to økter pr. veke forut meisterskapet. Rykta om forfallet til Strande hadde nådd heilt til Ålesund og eit par timar før påmeldingsfristen gjekk ut, hadde ikkje mor Maria Hellevik noko anna val enn å melde på eldstesonen Sigmund på 16 år, då ho skjøna at gutungen hadde gode moglegheiter på eit trofe, då hans tidlegare nemesis Strande, ikkje kunne stille dette året.
Totalt 14 spelarar stilte til start, inkludert ei kvinne. Mangeårig deltakar Ermelita Folkestad gjorde ein god figur både på bana, der ho til tider var tennisteknisk på Strande-nivå, samstundes som ho briljerte med meir smaksrike sveler enn noko Sunnmørsferge har å by på.
Etter gruppespelet var det klart for kvartfinalar og 8 namn stod igjen. Fjorårets tapande finalist i VM utandørs, grusspesialist Ole Wirum møtte ringreven Hans Reite. Reite håpte nok på hjelp frå oven, men truleg er ikkje tennis Jesus sin favorittsport, for forehandslegga til Wirum viste ingen nåde og sendte Reite ut på dei evige jaktmarker med settsifra 6-2.
I den andre kvartfinalen møttest gladlaksen Arne Inge Rotevatn og mannen med kanskje det største vinnarinstinktet i Volda tennislag, Hallgrim Myklebust. Matchen bølgja att og fram og tilslutt var det Rotevatn som klarte å karre til seg sigeren, trass i at motstander Myklebust brukte all si mentale kraft på å hindre Rotevatn å yte maksimalt. 7-5 Rotevatn.
Etter dette intense oppgjøret var det duka for trebarnsfar Vebjørn Skeide mot ekstremdiettmannen, Kristian Nybakk. Dei fleste hadde her Nybakk som favoritt men sidan dietten han praktiserer ikkje gav han adgang til kakebordet i foajeen, var mange i tvil om han hadde nok sukker i blodet til å nedkjempe den fysisk overlegne Skeide. Skeide har teke store steg det siste halve året, takka vere han endeleg har skjøna korleis ein held i ein tennisracket. Vinnerinstinktet til Skeide er og uovertruffent, og ikkje alle glosene som vart presentert hadde gått igjennom sensuren til tidlegare nemnte Reite. Dog hadde Nybakk sin biff-frukost fungert som ein depottablett denne dagen, og han klarte dermed å halde energinivået høgt nok oppe til å kneble Skeide med 6-4.
I den siste kvartfinalen hadde årets nykommar i Voldatennisen, Jørn Festøy booka sin plass. Dette mykje grunna ein serve som får John Isner til å skjelve i buksene, samt ein tung og god forehand med spin i Nadal-klassen. Motstander var her unge Sigmund Hellevik Bergstøl frå Ålesund. Av mor Maria Hellevik klassifisert som Noregs beste servar i sin årsklasse. Det seier ikkje reint lite, men det seier og noko om at Hellevik ikkje hadde sett serven til volleyball-ess Festøy tidlegare. Servebataljen endte med favorittsiger til ungkalven, men Festøy imponerte til tider stort, og tok med seg tre games. 6-3 Bergstøl.
I fyrste semifinale møttest Wirum og Rotevatn. Eit oppgjer prega av god stemning kampen gjennom, då motstandar Wirum klarte å more seg med alle småkommentarane til Rotevatn, istadenfor å la det verte eit irritasjonsmoment. Wirum hadde fått stilt inn forehanden mot Reite i kampen før, så Rotevatn vart tvunge frå side til side og kunne ikkje unngå settsiffra 2-6. I andre sett merka Wirum stor slitasje på den dårleg trente kroppen, og tjue år eldre men lettbeinte Rotevatn, kunne hauste frukta av å vere i betre fysisk forfatning enn sin motstandar. Merkeleg nok klarte Wirum å mobilisere, og tok matchen 6-2, 6-4.
I den andre semifinalen møttest Bergstøl, stortalentet frå Ålesund og Kristian Nybakk. Bergstøl hadde her tydlegvis stått opp med rett tenåringsbein og unnlot å la dumme tenåringsfakter komme i vegen for sin marsj mot finalen. Toppnivået vart hyppig presentert, og sjølv ikkje Nybakk sin ekstremdiett kunne stoppe godstoget Bergstøl. Det enda med 6-1, 6-2 Bergstøl.
Finalen bar på den eine sida preg av ein tenåring full av ungdommeleg kraft og ein litt eldre motstandar som ikkje hadde funne ungdomskjelda, men derimot store mengder med Voltarol og Tigerbalsam i tennisbagen. Dermed klarte Wirum på mirakulaust vis å fullføre kampen. Første sett var ein parademarsj for Bergstøl, og andre sett var prega av ein tenåring som ikkje tok sin motstandar seriøst. Dermed kunne Wirum tvinge fram ei tidleg 4-2 leiing. Her skjøna Bergstøl faren og skrudde på brytaren. Dermed vart Wirum kokt lenge før han nådde 100 grader, og sigeren var eit faktum. 6-1, 6-4 Bergstøl.
Takk til alle som bidrog til tennisfesten denne helga, og me håpar enda fleire ynskjer å delta under Voldameisterskapet utandørs tidleg på hausten.