Kai Are Strande voldameister 2012
Ikkje uventa vann Kai Are Strande frå Ørsta voldameisterskapen i tennis som vart avvikla laurdag 8. september i tennishallen. Han har no vunne fleire år på rad, men fekk ein del motstand av Einar Reite i finalen.
Etter dei innleiande kampane vann Strande 6-1,6-0 over Hans Reite i den første semifinalen. I den andre vann Einar Reite 6-3, 6-1 over Hallgrim Myklebust. I bronsefinalen vann Hallgrim 6-1 over Hans. I finalen vann Kai Are 6-2 over Einar i første sett, men Einar kom sterkt tilbake og leia 3-1 i det andre. Kampen stod og vippa og det var lange og flotte ballvekslingar. Til slutt vann Kai Are 6-3 og sikra seg tittelen. Ein del var innom og såg på kampane, men ein skulle ynskje at endå fleire ville delta og sjå på. Til stades var mellom andre superveteranane Ingve Håskjold og Ivar Olaisen. H.R.
F.v. Einar Reite, Kai Are Strande og Hallgrim Myklebust.