Kai Are Strande voldameister i tennis 2011
Ikkje uventa gjekk Kai Are Strande til topps i voldameisterskapen for fjerde gong i helga. I finalen slo han Arne Inge Rotevatn 6-3, 6-2. Ein del gode spelarar hadde meldt avbod, men 10 stilte opp i turneringa. Etter seeding og trekning vart det delt opp i to avdelingar der alle spelte mot alle. Sjølv om veret var godt, valde vi å legge kampane inne i hallen. Ein del folk kom for å sjå på og det var god stemning. Veteranen, æresmedlem og tidlegare voldameister Ingve Håskjold var til stades nesten heile laurdagen og kunne glede seg over mykje bra tennis. Det er fleire lovande talent i klubben.
     Arne Inge Rotevatn og Kai Are Strande vann alle sine innleiande kampar. I første semifinale slo Rotevatn Hans Reite 6-3 og i den andre vann Strande 6-0 over Sverre Johnsen. På søndag vann Reite 7-6 over Johnsen i ein spanande bronsefinale. Reite hadde mange "match-ballar", men Johnsen kom tilbake gong på gong. Trass at han snart er pensjonist slo han ut fleire ungdommar, og er ein svært god tennis-spelar. Dei beste fekk premiar og alle diplomar og souvenirar frå US-open. Det var ei velluka turnering og neste år håpar vi på at endå fleire vil melde seg på!
F.v. Sverre Johnsen, Hans Reite, Arne Inge Rotevatn og Kai Are Strande.