Ny voldameister
Tony Leknes voldameister i tennis 2010
I strålande solskin vart Voldameisterskapen i single tennis arrangert på Haueleite i helga. Ikkje overraskande var det Tony Leknes frå Lofoten, no busett i Volda, som stakk av med sigeren.
I år var det 13 deltakarar med i meisterskapen. Av ymse årsaker, som jobb og barnepass, vart tre av kvartfinalane og ein semifinale spelt på laurdag. Frå kvartfinalane var det Arne Inge Rotevatn, Hallgrim Myklebust, Einar Reite og Tony Leknes som gjekk vidare til semifinalar.
I første semifinalen var Tony Leknes suveren i første sett, der han slo Einar Reite 6-0. I andre sett kom Reite sterkt tilbake, men Leknes drog likevel i land settet, som enda 7-5.
I den andre semifinalen møtte Arne Inge Rotevatn Hallgrim Myklebust. Hallgrim slo i kvartfinalen ut Hans Reite, som var seeda som nr. 2 i turneringa. Første settet i semifinalen tok Myklebust greitt 6-3. I andre sett gjekk Rotevatn opp i leiinga med tre strake game, men Myklebust vann likevel 6-4.
Finalen vart dermed spelt mellom Hallgrim Myklebust og førehandsfavoritt Tony Leknes. Første settet var slett ikkje så kjedeleg som sett-sifra 6-0 skulle tilseie, men det var tydeleg at Leknes var ei klasse over. I andre settet fekk ikkje Leknes styre spelet så mykje som i første, og Myklebust var ei lita stund i leiinga. Leknes sette då inn eit støt, og vann klart 6-3.
Einar Reite vann over Arne Inge Rotevatn i bronsefinalen.