Følsvik og Rotevatn vann VM i tennis
Voldameisterskapen i double vart tradisjonen tru arrangert pÃ¥ utebana pÃ¥ Haualeitet pÃ¥ laurdag. Vêret var flott, men dessverre hadde mange meldt avbod av ulike Ã¥rsaker. Først vart det seeding og trekning. SÃ¥ kom dei innleiande kampane. Til slutt var det finale. Der vann Frode Følsvik og Arne Inge Rotevatn 6-3, 6–2 over Harald Kvangarsnes og Hans Reite. Arne Inge var regjerande meister i double.
Det var mange fine ballvekslingar, og det er moro at det er unge spelarar som no dukkar opp og tek premiar. Det veks og gror i Volda Tennislag. I august planlegg vi singleturnering og då er Kai Are Strande og Tony Leknes favorittar til å vinne. Dei to er i ei klasse for seg sjølve, og spelar tennis på eit høgt nivå. Tennisbana på Haualeite ligg idyllisk til og du kan spele tennis der heile sommaren for ein billeg penge. Berre ta kontakt med formann Egil Reite eller kasserar Helge Haram. Vi har også heimeside: voldatennislag.no
Ref.
Hans Reite (t.v.) og Harald Kvangarsnes (t.h) flankerer vinnarane av Voldameisterskapen i double-tennis, Arne Inge Rotevatn og Frode Følsvik.