Logg inn
Kven er pålogga
Vi har 17 gjestar her no
Nytt bookingsystem
Hei alle saman!
Volda Tennislag har jobba med å få på plass nytt bookingsystem ei lang periode. Dette er no straks klart for bruk.
Dykk vil ila. mandag 28.02 motta ein mail med meir informasjon og ei personleg lenke for å opprette ein brukar i det nye systemet.
FOM 01.03.2022 skal all booking gå via det nye systemet. Det vil bli gjort endringar i prisane på strøtimar fom 01.03.2022.
Leverandøren tilbyr booking via app og nettside.
Det nye systemet gjer det også lettare å frigjere både faste timar og strøtimar.
· Dersom ein frigjer faste timar vil ein få eit «klipp» som kan nyttast på strøtimar (kan ikkje nyttast i «prime time», sjå under)
· Strøtimar som blir frigjort tidlegare enn 24 timar før timen refunderast 100%, skjer det seinare får ein tilbake 80%. Det vil alltid blir fakturert eit servicegebyr på 12,5 kr på strøtimar, sjølv når den blir avbooka
· Timepris 150 kr/300 kr (medlem/ikkje medlem) etter kl 1200
· Timepris 100 kr/200 kr (medlem/ikkje medlem) før kl 1200
«PRIME TIME» er definert som mellom kl 17-22 på vekedagar, 12-18 laurdagar og 12-20 søndagar.
FOM. 2. halvår vil det også bli gjort endringar på dei faste timane:
· Prisar for faste timar vil bli endra (auka)
· Endra når det er mulig å ha faste timar
Slik det ser ut no vil det ikkje bli mogleg å ha faste timar i «Prime Time». Alternativt må ein vurdere om prisen på faste timar i «Prime Time» skal vere vesentleg høgare enn ellers.
Målet er at alle timar som er booka/faste skal bli nytta maksimalt. Det er difor SVÆRT viktig at alle frigjer timar dei ikkje har tenkt å nytte. Desse kan som sagt nyttast til andre timar ila. Veka.
Vi vil føle oss litt fram mtp prisar og oppsett i 2022, så det er sannsynleg med endringar ila året. Meld frå om det er noko som ikkje fungerer som det skal.
Kom gjerne med tilbakemeldingar på oppsettet og hugs årsmøte for Volda Tennislag førstkommende fredag 04.03 på Volda Turisthotell.
Vel møtt!
PÃ¥ vegne av styret,
Vebjørn Krumsvik Skeide