Reglar grusbana!
REGLAR FOR BRUK AV GRUSBANA!
Regel 1:
Den gylne regel at ein ALDRI skal spele når dekket er så mjukt at tennisskoa setter spor eller hakk. Det vert då gravd djupe hol, grusen flyttast og bana vert ujamn over tid. Du skal ikkje kunne presse fingeren ned i øvste laget av dekket som på bileta under. Då er bana for våt!
Løysing: Vent til bana er tørr nok!
Regel 2:
Grusbana skal heller ikkje spelast på dersom du har feil sko!
Den eineste rette skotype er tennissko!
Alle andre sko forbudt å bruke! Andre sko enn tennissko er enten for mjuke, fordelar ikkje kroppstrykket godt nok og har lettare for å rive opp grusen, samt linjene.
Løysing: Kjøp tennissko som er påbudt. Dei har hard, flat såle som fordeler trykket jevnt. Skoene gjer deg også ei mykje betre speloppleving, samt å beskytte deg mot skadar som til dømes overtråkk. Det finst eit lite sortiment av lånesko i utstyrsskuret. Dersom du finn ein størrelse som passar, så bruk desse til du får kjøpt deg eigne tennissko.
Regel 3:
Bana skal ikkje spelast på dersom den er for tørr!
Grusbaner treng vatn for å halde på grusen. Bana får då ei djup og metta raud farge, som er «rett» farge for ei grusbane. Er bana for tørr vil grusstøv virvle opp mens du spelar, grusen vil få ein lys og grålig raudfarge og dette gjer at grusen blås vekk og fordelast ujamnt på bana.
Løysing: Vatne heile grusdekket med vatnslangen. Spesielt viktig er det å vatne i området 2 meter foran grunnlinja og 3 meter bak grunnlinja, fordi det er her me beveger oss mest. Les meir opp vatning av bana under «Vedlikehald av bana» på innsida av døra!
Vedlikehald av bana!
Kosting:
Spelarar som er ferdige med å spele skal koste bana og reingjere linjene. Linjene kostast etter at bana er kosta. Kost også utanfor strekane på bana. Du finn to kostar på bana, samt to linjekostar. Dei siste 5 minuttane av speletida skal nyttast til å klargjere bana for dei neste spelarane. Start kostinga langs nettet, følg yttersida ned, og jobb i store firkanta sirklar inn mot midten, og avslutt ut over sidelinja. På den måten vert grusen distribuert tilbake på bana.
Vatning:
Ein MÅ vatne bana før og etter spel dersom den er tørr. På varme dagar kan det vere naudsynt å vatne oftare. Tørre baner vert slitt svært raskt. Ta gjerne ein pause og vatn bana dersom det er veldig varmt og tørt. Det er også tryggare og betre å spele på ei fuktig grusbane.
Vatnslangen ligg på bana, men ein lyt setje på vatnet gjennom å vri på ei kran som er lokalisert rett bak bana, ved Volda Bygdetun.
Vatning skjer ved at slangetuten haldast litt skrått oppover, og førast sakte fram og tilbake. Juster dysa ved behov. Ein må ikkje rette tuten ned mot bana, då dette vil lage hol i dekket! Anbefalt vatningstid er 2 minuttar. Om det byrjar å danne seg dammar har bana fått nok vatn. Veit du at du er den siste som spelar for kvelden, så utfører ein sluttvatning. Dette gjer bana heilt vatntrekt, så her brukar ein litt meir vatn enn ved normal vatning.
Anna informasjon:
Om det førekjem groper mens ein spelar, må dei dekkast over med grus og pakkast godt, slik at speleflata igjen vert jamn og hard. Bruk gjerne ei skrape eller ei skyfle for å få bana heilt bein, og vatne gjerne over der du har brukt skrapa/skyfla. Dersom det er eit stort område, eller om grusen ikkje vil sette seg, anbefalast det å bruke valsa for å pakke grusen godt på plass. Husk her å bruke litt vatn på det aktuelle «sårområdet»
Det forventast elles at alle ryddar fint etter seg, og kastar alt av søppel i søppelbøtta ved inngangen. Av hensyn til naboar, og oppmoding til alminneleg folkeskikk vil det ikkje verte tolerert høglytt banning, kasting av racketer og anna ufin oppførsel.