Voldameisterkapet i tennis 2019
Det var med ei blanda kjensle VM vart gjennomført på grusbana ved Volda Bygdetun helga 7-8 september i år. Det var kun 6 spelarar som hadde ynskje om å stille denne gongen, som nok er eit absolutt minimum for ei sportsleg forsvarleg gjennomføring. På plussida så hadde vêrgudane og mangeårig meister Kai Are Strande meldt sin ankomst.
Nemnte Strande fossa igjennom si gruppe, og den store spenninga låg i kven som unngjekk å møte meisteren i den eine av søndagens semifinalar. Mangeårig pallgrossist Hallgrim Myklebust møtte oppkomlingen og framtidig Sæbøborgar, Ole Wirum. Wirum hadde fylt opp med fyrstekake og wienerbrød og hadde dermed nok bensin på tanken til å vise toppnivået tidt og ofte. Dermed måtte Myklebust sjå seg slått 6-3/6-2, og måtte ta til takke med den utakknemlege oppgåva å møte Strande til søndagens fyrste semifinale. Den siste semifinalisten vart nyvald leiar av Volda Tennislag, Vebjørn Krumsvik Skeide. Ungfolen Skeide med sin fantastiske fysikk, klarte å nøytralisere dei smarte slaga til ein av Ervingens blandakor sine største ambassadørar, Helge Haram. Dermed booka Skeide sin plass i den andre semifinalen mot Wirum.
Søndagen starta med storoppgjer mellom erkefiendane Strande og Myklebust. Strande ekspoderte ut av startblokkene og kunne tidleg sikre seg ei 4-1 leiing, då Myklebust bokstaveleg talt ikkje hadde vakna. Så titta sola fram over Rotsethornet og Myklebust fekk påfyll av sårt tiltrengd D-vitamin. Dermed stod det plutseleg og vippa på 4-4 i games, men deretter viste Strande klasse, var best då det gjaldt og tok settet 6-4. Andre sett steppa Strande opp og gjorde ikkje skam på sitt kallenamn ”luftputebåten”, der han lettbeint fløyt rundt på bana og tvinga Myklebust ut på fleire løpeturar enn han har hatt i heile 2019. 6-0.
I den andre semifinalen var Wirum klar førehandsfavoritt, men spenninga låg i om Skeide kunne nøytralisere Nadal-forehanden til Wirum med sitt eminente fotarbeid og sterke keeper-arm. Svaret var nei, og Wirum klarte til slutt å slå hol på Skeide og kampen enda 6-2/6-0.
I bronsefinalen hadde førehandsfavoritten Myklebust slått seg varm, og viste ingen nåde. Trass fleire forsøk av Skeide på å få psykolog Myklebust i mental ubalanse, brukte Myklebust si eigekompetanse og slo av nervesystemet. Det enda med 6-2/6-0 i favør Myklebust.
Finalen mellom Strande og Wirum starta med eit overtak til Wirum med henholdsvis 3-1 og 4-3. Strande starta så si sedvanlige reise mot toppen og gjorde mindre og mindre feil, samstundes som kroppen til Wirum hadde fått nok. Det fysiske er utruleg viktig i tennis, og Strande viste i finala at han det siste tiåret nok har teke vare på eige kropp i større grad enn motstandaren. Strande tok dei siste 9 games og kampen enda 6-4/6-0.
Alt i alt var helga ein stor suksess og grusbana på Haualeitet har nok aldri vore i betre forfatning enn no. Trass i godver og mykje godt å bite i, let dei store tilskodarmassane vente på seg. Rekruttering er vanskeleg, men me håpar at Volda og Ørsta-ungdommen snart får auga opp for denne fantastiske sporten, og kanskje byter ut store ballar med små ballar!
Referat, Ole Wirum Volda Tennislag.