Logg inn
Kven er pålogga
Vi har 45 gjestar her no
Ranking
RANKING VOLDA TENNISLAG
Reglar:
Reglar:
1. Ein spelar som er oppført på rankinglista, kan utfordre spelarar 1, 2 og 3 plassar over seg.
NB: Ved skade, sjukdom, ferie eller graviditet hos ein spelar 1, 2 og 3 plassar over, kan ein utfordre spelarar inntil 4 plassar over seg.
NB: Ved skade, sjukdom, ferie eller graviditet hos ein spelar 1, 2 og 3 plassar over, kan ein utfordre spelarar inntil 4 plassar over seg.
2. Verken utfordrar eller den som har vorte utfordra, kan avtale meir enn éin rankingkamp om gongen.
3. Ein ny spelar kan utfordre kven som helst på rankingen. Ved tap må ho eller han starte nederst.
4. Kampen må vere spelt innan 7 dagar etter utfordringa.
5. Dersom utfordraren vinn, rykkjer utfordraren opp på taparen sin plass.
6. Taperen, og eventuelt spelarane bak, rykker ned 1 plass på lista.
7. Dersom den som har vorte utfordra ikkje stiller til avtalt kamptidspunkt, vinn utfordrar på walkover.
8. Etter ein rankingkamp må det gå 14 dager før taperen kan utfordre vinnaren på ny.
9. Rankingkampane vert spelte best av 3 sett med tie-break på à 6.
10. Dersom ein ikkje rekk å avslutte til oppsett tid, kan ein enten spele ferdig kampen i løpet av tre dagar, eller avtale tie-break til 11 (super-tie-break) på settsifra à 1.
11. Utfordrar ordnar med ballar.