Volda tennislag
Voldameisterkapet i tennis 2019
Det var med ei blanda kjensle VM vart gjennomført på grusbana ved Volda Bygdetun helga 7-8 september i år. Det var kun 6 spelarar som hadde ynskje om å stille denne gongen, som nok er eit absolutt minimum for ei sportsleg forsvarleg gjennomføring. På plussida så hadde vêrgudane og mangeårig meister Kai Are Strande meldt sin ankomst.
Nemnte Strande fossa igjennom si gruppe, og den store spenninga låg i kven som unngjekk å møte meisteren i den eine av søndagens semifinalar. Mangeårig pallgrossist Hallgrim Myklebust møtte oppkomlingen og framtidig Sæbøborgar, Ole Wirum. Wirum hadde fylt opp med fyrstekake og wienerbrød og hadde dermed nok bensin på tanken til å vise toppnivået tidt og ofte. Dermed måtte Myklebust sjå seg slått 6-3/6-2, og måtte ta til takke med den utakknemlege oppgåva å møte Strande til søndagens fyrste semifinale. Den siste semifinalisten vart nyvald leiar av Volda Tennislag, Vebjørn Krumsvik Skeide. Ungfolen Skeide med sin fantastiske fysikk, klarte å nøytralisere dei smarte slaga til ein av Ervingens blandakor sine største ambassadørar, Helge Haram. Dermed booka Skeide sin plass i den andre semifinalen mot Wirum.
Søndagen starta med storoppgjer mellom erkefiendane Strande og Myklebust. Strande ekspoderte ut av startblokkene og kunne tidleg sikre seg ei 4-1 leiing, då Myklebust bokstaveleg talt ikkje hadde vakna. Så titta sola fram over Rotsethornet og Myklebust fekk påfyll av sårt tiltrengd D-vitamin. Dermed stod det plutseleg og vippa på 4-4 i games, men deretter viste Strande klasse, var best då det gjaldt og tok settet 6-4. Andre sett steppa Strande opp og gjorde ikkje skam på sitt kallenamn ”luftputebåten”, der han lettbeint fløyt rundt på bana og tvinga Myklebust ut på fleire løpeturar enn han har hatt i heile 2019. 6-0.
I den andre semifinalen var Wirum klar førehandsfavoritt, men spenninga låg i om Skeide kunne nøytralisere Nadal-forehanden til Wirum med sitt eminente fotarbeid og sterke keeper-arm. Svaret var nei, og Wirum klarte til slutt å slå hol på Skeide og kampen enda 6-2/6-0.
I bronsefinalen hadde førehandsfavoritten Myklebust slått seg varm, og viste ingen nåde. Trass fleire forsøk av Skeide på å få psykolog Myklebust i mental ubalanse, brukte Myklebust si eigekompetanse og slo av nervesystemet. Det enda med 6-2/6-0 i favør Myklebust.
Finalen mellom Strande og Wirum starta med eit overtak til Wirum med henholdsvis 3-1 og 4-3. Strande starta så si sedvanlige reise mot toppen og gjorde mindre og mindre feil, samstundes som kroppen til Wirum hadde fått nok. Det fysiske er utruleg viktig i tennis, og Strande viste i finala at han det siste tiåret nok har teke vare på eige kropp i større grad enn motstandaren. Strande tok dei siste 9 games og kampen enda 6-4/6-0.
Alt i alt var helga ein stor suksess og grusbana på Haualeitet har nok aldri vore i betre forfatning enn no. Trass i godver og mykje godt å bite i, let dei store tilskodarmassane vente på seg. Rekruttering er vanskeleg, men me håpar at Volda og Ørsta-ungdommen snart får auga opp for denne fantastiske sporten, og kanskje byter ut store ballar med små ballar!
Referat, Ole Wirum Volda Tennislag.
Referat frå årsmøte 27 januar 2019
Referat frå årsmøte 15 februar 2019
Stad: Volda turisthotell
Tilstades: Oddbjørn Nes, Sverre Johnsen, Helge Haram, Kai Are Strande, Hallgrim Myklebust, Ole Wirum, Hans Reite, Lars E. Sande og Pat Johnsen.
Saker som vart handsama:
- Alle dei frammøtte har stemmerett.
- Innkallinga og sakslista vart godkjend.
- Oddbjørn Nes vart vald til møteleiar, Ole Wirum vald til skrivar, Pat Johnsen og Hans Reite vart vald til å signere protokollen.
- Årsmeldinga for 2018 vart opplest og vedteken med to merknader.
- Rekneskapet for 2018 vart gjennomgått og godkjend.
- Investering vedrørande nytt teppe i hallen vart røysta over og vedteke. Truleg kan nytt dekke vere ferdigmontert i slutten av mai 2019.
- Innkomne saker/forslag: Ingen nye forslag.
- Medlemskontigent 2019:
- Forslag om uendra satsar vedteke.
- Treningskontigent for hallen og utebana 2019: Forslag om uendra satsar vedteke
- Budsjettet for 2019 vart gjennomgått og vedteke.
- Val av nytt styre:
Leiar: Vebjørn Skeide – 2 år
Nestleiar: Sverre Johnsen (spesielt ansvar for tennishallen) – 2 år
Kasserar: Helge Haram – 1 år
Skrivar: Ole Wirum – 1 år
Styremedlem: Kai Are Strande – 1 år
Styremedlem: Hallgrim Myklebust – 2 år
Varamedlem: Oddbjørn Nes – 2 år
Valkomite:
Patricia Johnsen (leiar), Odd Nesse og Egil Reite. Vara: Hans Reite.
Revisorar: Lars E. Sande og Øystein Nilsen
Utebana: Hallgrim Myklebust, Kai Are Strande og Hans Reite.
Volda Tennislag
Ole Wirum
Voldameisterskapen 2017
10 og 11 mars stilte 9 spelara til eit forsinka Voldameisterskap arrangert i tennishallen i Volda.
Det var god stemning flott innsats av samtlige!
Det va ingen feilskjær frå regjerande Voldameister Kai Are Strande. Han gikk fort opp i 4-0 i første sett. Då våkna Arne Inge (kanskje han skulle ha drukke en ekstra kopp kaffe til frokost!) og han fikk inn nåken serve games, og vi endte på 6-2. Publikum håpte på et spanades andre sett og kom med motiverandes tilrop til utfordraren, men Kai Are holdt nervane i sjakk og gjorde veldig få feil og settet endte med den sure smultringen for Arne Inge.
Som plaster på såret for Arne Inge så tok han tittelen i double saman med Hans Reite. Eit radarpar på teppet!
Fullt resultat for helga blei som følger
Utklipp frå Møre avisa
Kai Are Strande voldameister 2016
I romjula vart voldameisterskapen i tennis arrangert i tennishallen i Volda. Nokre melde forfall grunna sjukdom, men det var åtte som stilte opp. Tennismiljøet i Volda er bra, og folk kjem frå heile distriktet for å spele. Difor er det no mest uråd å få fast time om kveldane i hallen. Tennis er ein kjekk sport som passar for folk i alle aldrar. Noreg har ikkje nokon heilt på toppnivå i verda, men Casper Ruud hevdar seg bra, i tillegg til ein junior på kvinnesida. Vi vonar at tennis vil verte endå meir populært her i landet.
Første dag var det innleiande kampar med eitt sett i kvar kamp. Det var to avdelingar og til saman 12 kampar. Fleire av kampane enda 6-0, og det vart klart kven som gikk vidare til semifinalane. Stemninga var god, og ein del folk hadde tatt vegen for å heie på sine favorittar.
Fjorårsvinnaren Einar Reite stilte ikkje opp, og Kai Are Strande frå Ørsta var klar favoritt. I første semifinalen vann han 2-0 over Hallgrim Myklebust frå Volda. I den andre vann Odd Nesse frå Ulsteinvik 2-1 over Kristian Nybakk frå Måløy. Kristian har lenge budd i London, men bur no i Tjørvåg. I bronsefinalen vann Hallgim 2-1 over Kristian. Det var jamne og gode kampar med mykje god tennis. I finalen vann Kai Are 6-0, 6-1 over Odd. Han vart voldameister for sjuande gong og er ganske suveren. Kai Are kunne nok nådd langt også på landsbasis! Han er eit multitalent i sport. Det var også imponerande av Odd å nå finalen då han har vore mykje plaga av sjukdom.
Vi vonar at fleire unge vil begynne å spele tennis og slå ut oss eldre. Velkomen til Volda tennislag og godt nytt år!
ref.
Frå venstre: Hallgrim Myklebust, Kai Are Strande, Odd Nesse og Kristian Nybakk
SENTRALT ELEKTRONISK MEDLEMSREGISTER
Før nyttår må vi få registrert alle medlemmer i Volda Tennislag i det sentrale elektroniske medlemsregisteret.
Difor må alle medlemmer i Volda Tennislag opprette profil i minidrett.no. Dei som har profil frå før treng ikkje opprette ny.
Gå deretter inn på Medlemskap, søk opp Volda Tennislag og send søknad om medlemskap.
Søknaden blir så behandla av Helge Haram eller Oddbjørn Nes (medlemsansvarlege i Volda Tennislag) og det vil kome ei stadfesting på medlemsskapet pr. e-post.
Dei som har familiemedlemskap må registrere dei andre familiemedlemmene på sin profil på Legg til familie.
Ved problem med dette, kontakt support-telefon 03615, Helge Haram (915 69 660) eller Oddbjørn Nes (905 65 950)
Einar Reite voldameister 2015
19. - 20. desember vart voldameisterskapen i tennis arrangert i tennishallen i Volda. Interessa for tennis har teke seg opp, og det er stort sett fullt med faste timar i hallen om kveldane. Ein kan spele tennis for ein rimeleg penge her på landsbygda.
Dei siste åra har Kai Are Strande frå Ørsta vore den dominerande spelaren. Han har vorte voldameister heile seks gonger. Vi var spente på korleis det ville gå i år. Spelarane vart delt i to grupper for dei innleiande kampane. Veteranen Hans Reite heldt på å gå vidare, men etter å ha leia 5-0 vart det kollaps, og han tapte på tiebreak mot Odd Nesse frå Ulsteinvik. Nesse har tidlegare spela divisjonstennis i Bergen og har flott teknikk.
I første semifinale vann Einar Reite 6-2, 6-3 over Hallgrim Myklebust. I den andre vann Kai Are Strande 6-1,6-1 over Odd Nesse. I bronsefinala vann Hallgrim 6-2,6-2 over Odd. No var alle spente på finala. Ein del familie og vennar av spelarane var til stades. Det vart spanande, men til slutt vann Einar 6-4, 7-6 ( 9-7) over Kai Are. Einar vart voldameister for tredje gong. Tennistrona var tilbake i Volda! Det er framleis prestisje og konkurranse mellom desse to bygdene.
Hallgrim Myklebust uttalte etter kampen at dette var den beste finalen han hadde sett i Volda. Også Odd Nesse var imponert. Det var tennis på høgt nivå med fart og stor presisjon. Tennis er ein artig, men svært krevjande idrett. Så blir spørsmålet til neste år: Vil Ørsta kjempe seg tilbake eller skal voldameisteren vere frå Volda?
ref.
Reservasjon av time
For å reservere timar må ein logge på med namn og passord, og ein må vere medlem i Volda Tennislag. For å verte medlem eller for prøvetime: Kontakt Helge Haram, tlf. 915 69 660, eller e-post Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa .
Ranking
Dei fire første plassane på rankinglista er no justert etter resultata i siste turneringa. Lista ligg i hovudmenyen. Resultat kan sendast til Helge eller Amund.
Voldameisterskapen 2014
Kai Are Strande frå Ørsta vart voldameister i tennis for sjuande gong! Han er i ei klasse for seg sjølv og fleire meiner at han kunna hevda seg godt på landsplan. Kampane vart haldne i den fine tennishallen på Bratteberg i Volda. Det var fleire jamne kampar og stemninga var på topp! Mellom anna så kom tennisveteranen Ivar Olaisen og kommenterte kampane. Han var med og spelte på utebana for over femti år sidan. På den tida var tennisen ein stor idrett, og det var fleie divisjonar. Volda spelte mot mellom andre Ålesund og Molde. Ingve Håskjold og Trond Klepp var også gode spelarar som nådde langt. No er det om lag femti som spelar fast i tennishallen, men der er plass for fleire. Vi treng unge talent som kan slå Strande! Etter innleiande kampar slo Hans Reite Bjørnar Ingebrigtsen i bronsefinalen. I final vann Kai Are 6-3, 6-2 over Hallgrim Myklebust. Kampen vippa ei stund, men Strande trekte det lengste strået. Dette vart ein repetisjon av fjorårets finale. H.R.
Deltakarane, bak f.v. Egil Reite, Hans Reite, Tore Bjørnstad og Jørn Festøy. Framme f.v. Bjørnar Ingebrigtsen, Kai Are Strande og Hallgrim Myklebust.
Kai Are Strande voldameister 2013
Søndag vart Voldameisterskapen i tennis arrangert. Kai Are Strande frå Ørsta vart voldameister for sjette gong. Han slo Hallgrim Myklebust 6-3, 6-1 i finalen. Det var seks spelarar som stilte denne gongen. Dei vart delte opp i to grupper etter seedig og loddtrekning. Det var fleire jamne kampar, og dei som gjekk vidare til semifinalane var forutan Hallgrim og Kai Are, Bjørnar Ingebrigtsen og Michael Wilhelmsen. I føste semifinale vann Hallgrim 6-1,6-3 over Bjørnar, og Kai Are 6-1, 6-3 over Michael. Bjørnar vart skada og Michael fekk dermed walkover i bronsefinalen.
Det var ei kjekk turnering og ein del folk kom innom for å sjå på.
Dei som deltok, bak f.v. Bjørnar Ingebrigtsen, Hans Reite og Michael Wilhelmsen. Framme f.v. Kai Are Strande, Hallgrim Myklebust og Kristian Kolnes.