Leknes og Krøvel voldameistrar i double
Laurdag vart doublemeisterskapen i tennis arrangert på utebana på Haueleite. Bana vart bygd i 1936 og ligge flott til like innafor museet.
Vêret var heilt på topp, og det vart ei fin turnering sjølv om det var få deltakarar. Etter trekking av lag starta vi opp, og etter innleiande kampar vann Amund Bergmann og Louis Aquilar 6-3,6-4 over Ole Innselset og Hans Reite i semifinalen.
I finalane var det svært jamt. Amund og Louis vann første sett 6–4 over Tony Leknes og Sivert Krøvel, og hadde to matchballar i andre sett. Likevel kom Tony og Sivert sterkt tilbake og vann dei siste setta 7-6, 6–3. DÃ¥ hadde vi halde pÃ¥ med turneringa i om lag seks timar.
Tony flyttar no frå Volda, og vi vil sakne han i tennismiljøet. Vi vonar at fleire vil starte og spele tennis.
Etter ferien skal single-meisterskapen arrangerast. Favoritt er Kai Are Strande, men unge talent er i ferd med å vekse fram.
H.R.
Sivert Krøvel og Tony Leknes.
Louis, Amund, Ole, Sivert, Tony og Hans.